Recently in 3 1904 Category

1904 - 1914 Eit hus og ein heim i byen i Bikuben

Forsøka på å danne eit bondeungdomslag i Trondheim kom frå Utrøndelag ungdomslag. Dei hadde merka seg at landsungdommen i byen ikkje var med i nokre av dei nystifta laga. (---) Saka vart drøfta fleire gonger i 1903, og i januar 1904 sette Uttrøndelag ungdomslag inn ei annonse i avisa Nidaros, der dei kalla interesserte inn til samtale om og mulig dannelse av et ungdomslag, slik at det kunne bli mogeleg å sette i gang ei kaffistove. Arntsen (Knut Arntesen var helseassistent i kommunen og hadde lang organisasjonserfaring frå ulike fråhaldslag) hadde ein slags vernetanke når det gjaldt kaffistoveprosjektet; det skulle hindre ungdommen i å søke inn i andre nedbrytande miljø i byen. 30. januar 1904 møttes rundt 60 personar på Bikuben som låg på torget, for å drøfte saka nærare. Bikuben var ein av dei seks kafeane i byen der det ikkje var alkoholservering. (Side 14)

Det er likevel ingen tvil om kva formålet for Bondeungdomslaget var, for den nyvalde leiaren, Olav Nesheim, laga følgjande "pressemelding" til Nidaros og Adresseavisen: Norsklyndt ungdom burde melda seg inn i det nyskipa laget, og bli medlem i oppbygging av landet på heimleg grunn, og det både materielt og åndeleg. Laget vil verka på dei unge så desse kan bli trufaste mot måla dei har sett seg. Som folk har vi nordmenn mange feil, mellom anna er vi forgapa i alt som er framandt. Det heimlege vert derimot jamt vanvyrdt. Vi treng sterkare sjølvkjensle. Grunnlaget for ei fastare tru på eigi kraft må vi skapa ved framhjelp av dei nasjonale sermerka våre. Atterreising av folkemålet til skriftleg bruk kjem her i første rekkja. Heimane våre bør vi pryda, og framom alt gjera dei norsk i form og farge. Det same gjeld kledebunaden vår. Norsk prydkunst i saum, treskurd og målin må avla råemne, og norsk namneskikk må verta rådande både privat og offentleg. (Side 15)

Kven var dei første medlemmene av laget?

Det var eit sterkt innslag av kontorfolk, handverkarar, teknikarar, kjøpmenn, bladfolk og hushjelper. Også når det gjaldt skuleelevar, var det ei stor gruppe frå underoffiser- og befalsskulen. Fram mot slutten av 1800-talet hadde det, saman med lærarutdanning, vore den einaste måten å få utdanning fo rlandsungdom. Det var stor utskifting av meldemsmassen i laget. Mellom 100-150 melde seg årleg anten ut elle rinn i laget. (Side 30)

May 2008: Monthly Archives

Categories

Pages

  • Afrikansk historie
  • Bildearkiv
  • Bøker
  • Meny
  • Prosjekt
Powered by Movable Type 4.1

About this Archive

This page is a archive of recent entries in the 3 1904 category.

2 Bru inn i by is the previous category.

4 Ikkje alle velkomne is the next category.

Find recent content on the main index or look in the archives to find all content.