Recently in 7 Nasjonal til individuell Category

Frå det nasjonale til det individuelle

Gjenreisinga av Noreg etter krigen var prega av stor tru på framtida. Den samla visjonen for etterkrigssamfunnet var "eit Noreg med arbeid og velstand for alle". Dette var det brei semje om både mellom dei politiske partia og mellom dei mange lag og organisasjonar som fanst. Slik kom utviklinga av den norske velferdsstaten til å stå fram som eit felles prosjekt gjennom 50- og 60-åra. Organisasjonane var viktige hjørnesteinar i oppbygginga av landet og i demokratiseringsprosessen etter krigen. Knapt noko anna land, etter folketalet, hadde så mange lag og foreiningar til å fremme økonomiske, kulturelle, ideologiske og sosiale interesser som Noreg. Ungdomslagsrørsla hadde i 1950 eit samla medlemstal på 47 600 fordel på 1218 lag i alle landsdelar. (Side 56)

Det programmet som BUL la opp til gjennom dei første tiåra etter krigen fekk mang ein "trondhjemmer" til å våge seg ned i kjellaren på hotell Bondeheimen. Møteprogramma på 50- og 60-talet viser at BUL hadde eit allsidig program med brei appell til mange grupper i samfunnet. (Side 57)

BUL greide å tilby eit heilskapleg miljø for ganske mange innflyttarungdommar i Trondheim. Laget hadde solid oppslutning (mellom 400-500 medlemmar; mykje godt studentar og skuleelevar) og greidde å oppretthalde ein god balanse mellom lagsmøte og studiesirklar på den eine sida - og festar og aktivitetar på den andre sida. Kjenneteiknet for organisasjonen i desse tiåra var samarbeid og fellesskap. (Side 67)

På 1970-talet føregjekk det ei politisering av laget, i alle fall eit forsøk. Visse grupper innafor laget forsøkte å radikalisera BUL medan ei anna gruppe kjempa hardt mot denne politiseringa. Det var brei semje i BUL om at laget skulle ta opp og drøfte samfunnsaktuelle saker. Det spegla seg klart i dei tema som vart tekne opp på lagsmøta, men det var stor usemje om laget skulle ta stilling i politiske saker, også saker som EU-debatten. Årsaka var at BUL ikke var ei homogen politisk gruppe. 1970-åra var difor ei turbulent tid for laget med mange diskusjonar og åtak på tradisjonar og arbeidsmåter. Samstundes hadde laget det høgste medlemstalet nokonsinne med over 600 medlemmer i 1975. Det var og stor aktivitet og utoverretta verksemd.

Kva skjedde så på 80-talet? BUL styrka seg som ein sosial faktor i skule- og studentmiljøet i dette tiåret. Dei hadde mange friluftsaktivitetar og kjøpte eit nedlagt småbruk i Hessdalen. BUL-hytta var i aktiv bruk gjennom heile året. I 1987 var det registrert 3225 gjester på BUL-hytta.Ein intern strid blomstra opp i laget mellom dei som ville halda på tradisjonane og andre som ville modernisera laget og gjera det meir urbant. Nynorskparagrafen vart heftig debattert og fleire ville stryka han.Det var og fleire som ville endra namnet BUL i Nidaros avdi byen ikkje heitte Nidaros. Laget burde ha eit namn som gav ei korrekt beskriving av kva namnet sto for. Men laget heldt stand.Desse debattane er framleis aktuellei laget.

 

May 2008: Monthly Archives

Categories

Pages

  • Afrikansk historie
  • Bildearkiv
  • Bøker
  • Meny
  • Prosjekt
Powered by Movable Type 4.1

About this Archive

This page is a archive of recent entries in the 7 Nasjonal til individuell category.

6 Krigsmotstand is the previous category.

8 1990-2004 is the next category.

Find recent content on the main index or look in the archives to find all content.