1990-2004 Krisestemning og medlemsfall
Det let seg ikkje
skjula at laget ved inngangen til det nye tiåret slit med å finna ein
lagsstruktur som sameinar særlagsinteressene i eit ideologisk fellesskap. Det
paradoksale er at særlagsaktivitetane blomstrar som aldri før medan laget slit
med dårleg økonomi, svikt i rekrutteringa til sentrale verv og sterk
frustrasjon i organisasjonen. (Sitat frå lagsbladet Frifan nr 1 - 1990)
Medlamestalet
rasa nedover frå 370 i 1991 til 231 medlemmer i 2003. Medan laget på 80-talet
hadde hatt eit godt og til dels aktivtmiljø når det gjaldt dans, turar og
hyttekveldar, ser det ut som det sosiale miljøet ikkje blomstra på same måteni
denne perioden. (Side 93)
Det er
særlagsaktivitetane som i dag ugjerorganisasjonen. Ein kan vel slå fast at BUL
i dag står fram som ein reinkultur- og fritidsorganisasjon. Spørsmålet blir om
dei aktivitetane særlaga kan tilby er levedyktige i den jungelen som finst av
ulike fritidstilbod. (---)
Framleis har dei
fleste særlaga i BUL stor aktivitet, og det er særleg Teaterlaget,
Spelmannslaget og Folkedanslaget som har stått for kontinuitet og fornying.
Songlaget slit ein delmed oppslutning og profil. (Side 99)
Framtidsvisjonar?
Denfrilynte
rørsla strever i dag med å tilpasse seg endringane i samfunnet. Begge
bæresøylene som BUL er bygde på er i dag i ferd med å bli undergravne (nasjonal
ideologi og ei hamn for innflyttarungdom), og BUL strevar etter å finna eit
nytt livsfundament. Det er eit faktum at alle dei tradisjonelle og ideologisk
funderte organisasjonane som ungdomslag, mållag, fråhaldslag og kristelege
organisasjonar i dag tapar terreng. I staden veks det fram nye organisasjonar i
samfunnet basert på ei heilt anna tilhøyrigheit enn ideologi. Det gjeld særleg
innanfor kultur og fritid. Denne dramatiske endringa skjedde i hvoudsak etter
1980 med det moderne fritidssamfunnet si enorme vekst. Hovudtrenden i det norske
organisasjonssamfunnet må seiast å vere ei endring bort frå det politiske og
samfunnsretta, i retning av det upolitiske og individuelle.
Bondeungdomslaget
i Nidaros er på mange måtar eit paradoks av di organisasjonen på den eine sida
representerer ein utdøyande organisasjonskultur, samstundes som organisasjonen
også representerer ein ny form for organisasjonskultur basert på dei
individuelle fritidsinteressene som i dag står sterkt i samfunnet. (Side
105-106)
