Namnestriden (om
byen skulle heile Trondhjem eller Nidaros i 1930) vart ein strid mellom by og
land og mellom riksmål og nynorsk. Anders Todal hevdar at namnestriden fekk
konsekvensar for drifta av laget. Det var i løpet av periodender namnestriden
var aktuell, vanskeleg å finne folk til ulike verv i laget. Han trur årsaka var
at mange i laget som budde fast i byen, forretningsfolk og lærarar som
tradisjonelt hadde teke på seg verv, var avhengige av fredelege forhold til
byens barn. Frå 1927 til 1930 sokk meldemstalet frå 300 til 400 medlemmer.
(Side 45)
BUL ser ut til å
ha hatt nok med sitt i desse åra. (Etter namnestriden) Laget var langt meir
vendt mot eigne aktivitetar og hadde mindre kontakt med byen. Den nasjonale
retorikken var spakare - og det var færre avisartiklar om laget si verksemd. NS
tok i 1934 over NU sitt fanemerke (solkorset og symbolfargar), slik at
organisasjonen måtte lage eit nytt lagsmerke. Det dempa kanskje den nasjonale
agitasjonen ein del. (Side 49-50)
